Velsigning
All åndeleg velsigning i Kristus Jesus, Ef 1, 3-12
Vi skal starte med å sjå eit klipp frå ein nydeleg film, som de gjerne må sjå ein dag. Den heiter «overcomer», og handla om ei jente som har ein tøff oppvekst. Ho har ein prega av ein sterk astma (pusta tungt) og har mista begge foreldra, det var vertfall det ho blei fortalt – for plutseleg ein dag kom ho til å møte far sin. Faren hadde ikkje døydd, men forlate ho da ho var liten. Ho her Hanna får da ei lita identitetskrise, og spør seg sjølv kva ho er verdt når faren valte å forlate ho.
Kan dokke hugse ein gang dokke følte dokke mislukka? Nesten litt sånn flau følelse kanskje, trist følelse. Følelsar om kven du er, at du skulle ønske at du var nokon andre, eller var like god i noko som andre er god på. Sånn har eg kjent på mange gonger.. Ein av dei gangane var da eg var på ein kristen leir ein gang. Eg kom dit og kjente ingen (var vel eit par stykke eg visste kven var), og på den leiren sleit eg sånn med å få meg venner. Gjekk mykje rundt aleine, og det var eg ikkje så vant til. Da kjente eg meg for det første trist, men også ein sånn følelse av å vere mislukka. For det måtte jo vere noko med meg som gjorde at dei ikkje ville kome bort å hoppe på trampoline med meg. Eg burde sikkert vore annleis. Eit anna eksempel frå mitt liv er da eg gjekk på fotball, også skulle trenarane velje fire stykk som skulle få vere med på eit litt meir proft lag. Eg håpa så veldig at det skulle bli meg, men det blei det ikkje. Trudde eg var god i fotball, men når eg ikkje var det, kva var det som var kult med meg da? Alle har da vel noko?? Tenk eit par sekund no, når var sist du følte deg mislukka? […] Sånne spørsmål heng veldig tett med kva som betyr noko for meg. Kva er har størst fokus i ditt liv?
Ho her Hanna i den filmen møter ein kristen dame, som fortel at Hanna har ein anna Far, som aldri har forlate ho. Som har skapt ho, ønska ho. Hanna får sjå kven Gud er. Den kristne dama fortel jenta at ho skal gå heim og lese Efesarbrevet 1, 3-12, og lære ho enda meir. Ikkje berre kven Gud er, men kva han har gjort for Hanna. Og da får ho også svaret på kven ho er i Jesus Kristus.
https://www.youtube.com/watch?v=DVsIaayFEeE
Who You say I am: Kven er eg at den største konge ønske meg velkommen?
Ef 1, 3-12
Velsigning
I bibelen står det mykje om velsigning, og det står både om materiell velsigning som mat, god helse, familie, fred i landet og så vidare, og så står det om åndeleg velsigning. Den materielle velsigning handlar om det ytre, og den velsigninga er ikkje avgrensa til dei kristne det er ikkje berre kristne som er velsigna med mat, venner, hus osv. Og der kan vi menneske også bruke vår fornuft, og ta gode val sånn at det fører med seg velsigning i det ytre. Sånn som Val skule, her er det mange som har lagt inn mykje arbeid og tatt gode val, slik at skulen har fått bli til velsigning gjennom at mange folk har fått høyre om Jesus her, har fått venner, det har vore mange bibelcampingar her osv.
Åndeleg velsigning som det står om i teksten vår, det vi får i Kristus Jesus. Det er berre nåde. Nåde = gratis, ufortent. Røvaren som hang ved sida av korset og som spurte om Jesus kunne hugse på han når Jesus kom til Guds rike (himmelen), han blei vist nåde når Jesus svarer «i dag skal du få vere med meg til paradis». Røvaren på korset rakk ikkje gjere opp for alt det vonde han hadde gjort, men fekk likevel kome til paradis – for dette er Jesus sitt verk, ikkje ditt og mitt.
Den åndelege velsigninga er tilgjengeleg for alle, men han tvinger ingen å ta imot. Bibelteksten her snakkar om fleire slike åndelege velsigningar:
Utvalt, v.4
Heilt frå starten har Gud hatt ein plan om at menneske skulle få leve med han, og at han alltid skulle passe på oss. Heile bibelen er eigentleg ei forteljing, om ein redningsaksjon. Der Gud reddar sitt folk tilbake til seg. For vi er skapt av han. Du er ikkje gløymt av Gud. I salme 139 står det at «Auga dine såg meg då eg var eit foster. Alle dagar er skrive opp i di bok, dei fekk form før ein av dei var komen». Før du blei fødd så visste Jesus at akkurat i dag er du på Val, og høyrer på Kristine sin andakt, og tenker på Volvo… Han kjenner alle dine dagar, han kjenner også di framtid. Det er trygt å ha ein i livet som er i går, og han er der med deg i dag og han er også i framtida. Gud han berre er.
Det er ikkje alltid så lett, men vi skal vere glad i oss sjølv sånn som vi er skapt. Og eg veit mange er ueinig, men du er ikkje skapt i feil kropp, men dine evner, dine styrker og svakheiter. Viktig at vi er med å bygge kvarandre opp. Neste gang du gjev eit kompliment, så ikkje gje eit om det ytre «fint hår/kul telefon», men det som går på person «det er så gøy å vere med deg», «du er god å snakke med».
Å få vere Guds barn, v.5
Vi skulle ha rett til. Det stoppa eg litt opp for. Vi skal ha rett til å få vere Guds barn.
Og kor fantastisk det er at vi skal få vere barn. Som barn må vi prøve oss fram, og vi vil feile litt. Det er for eksempel så herleg å følgje med på eit barn som lærer seg å gå. Dei skjønner at det å gå på to bein er nyttig, så dei prøver seg fram med hender/støtte seg på stolar, holde i mamma osv. Og for å nå målet, som er å gå, så detter barnet fleire gongar – men det går litt og litt betre for kvar gang. Nokon ting i livet som kristen blir lettare og lettare, med meir erfaring og med gode råd frå andre kristne – men noko opplever eg sjølv alltid har vore like vanskeleg. Vi skal få lytte til vår Far, og kome til han å søke råd, trøyst, styrke, beskyttelse osv.
Og kvifor orke Gud eigentleg, å bry seg sånn om oss? I alle talar så snakkast det om kor håplause vi menneske er og at Gud må fikse alt! Så kvifor gidder han eigenleg. Det har eg ofte lurt på, tenker faktisk på det innimellom at akkurat det gjev ikkje heilt meining. Men Gud elske oss. Derfor gjekk han den lange, smertefulle vegen med å sende sin eine fullkomne son i døden for vår skyld. Den kjærleiken her er ikkje sånn kjærleik som kjærester har med kvarandre, heller ikkje same følelsen som min kjærleik til sjokolade. Vi deler gjere inn kjærleik i fire ulike kategoriar:
Eros (følesesmessige), philos (kjærleik til venner) og storge (kjærleik mellom foreldre og barn) og agape (den ubetinga). Gud elskar med ein agape-kjærleik, ubetinga.
Fridommen, v. 7
Vi lever i fridom med Gud, og det høyrast kanskje litt rart ut for dei som ikkje er kristne og tenker at vi er strenge og kjipe som følger mange reglar. Men for det første er vi fri frå synda som tynger, for Jesus tok synda di med opp på korset, og la den igjen der. Også er vi fri, fordi Gud har fortalt oss kva som er godt for oss og ikkje, og det å få leve i det er det beste for oss. Vi er fri, for vi har noko som er med å beskytte. Sånn som blei sagt på bibeltimen: å følgje Guds lov fører velsigning med seg i det ytre. Det fører velsigning med seg å ikkje snakke vondt om andre, for da er du med å skape eit tryggare miljø for deg sjølv å andre. Det fører velsigning med seg å kjempe for fridom i landet, og det fører velsigning med seg å bli betre kjent med Gud vår Far, for da vil han få større plass og innflytelse.
Tilgjeving og nåde, v. 7
Iblant kan det vere vanskeleg å tru at Gud verkeleg har gjort meg heilt rein, at på grunn av Jesus er eg verdig til å kalle med dotter av Gud. Andre gongar kan det faktisk vere litt motsett, at eg gløyme å sjå etter mi eiga synd. Gløyme at det at eg laug, tenke stygge tankar om andre – det er for Gud synd. Ordet vedkjenning betyr eigenleg å «seie det same som Gud», så syndsvedkjenning er å seie det same som Gud seie om synda. «Gud å lyge er gale i dine auge, og det har eg gjort. Eg trenger din tilgjeving». I bibelen står det mykje som sånne farisearar, og Jesus sjølv kritiserer det stadig vekk, for dei såg ikkje at dei trengte Jesus. Dei såg på seg sjølv om gode nok. Men så handlar det ikkje om at du er så frykteleg slem og grufull – eg syns dokke er ein nydeleg, snill gjeng ungdommar. Men Gud som er utan synd, krev at vi også er heilage. Og det klare vi ikkje i oss sjølv.
Arving, v.11
Når vi ser at vi trenger Jesus, så blir vi Guds barn. Og da blir vi arvingar. Kva betyr det ordet? Vi kan arve mykje forskjellig, men det vi arve av Jesus er ikkje til å samanlikne med ein godt brukte t-skjorte frå tremenningen. Vi arve Guds rike. Det å hugse på at vi er arving har vore til stor hjelp for meg i å hugse på at det ikkje er på grunn av mine prestasjonar at eg får kome til himmelen. Det er fordi min Far har gjort det. Møblane, huset, pengane du arve frå dine oldeforeldre/besteforeldre er ikkje din prestasjon. Du var gjerne ikkje fødd ein gang når dei levde og jobba. Som Guds barn er du arving.
Ikkje min prestasjon
Åndelege velsigningar
Alt dette gjev Gud oss i Kristus. Og det gjere at vi berre må bøye kne for kongen. Han er allmektig som kan gjere det – og han har synt oss uendeleg nåde og godheit som vel å gje det til oss. I songen vi høyrte song dei «kven er eg, at den største konge ønske meg velkommen». Så desse velsigningane fortel ein heil del om kva verdi du har. Legg det tett til hjarte ditt, alt det du er i Kristus Jesus. La det få plass framfor fotball, tv og sånne ytre ting. For meg er det ein stor bønn, at Gud må få vere den viktigaste.
