Guds nærvær (og tilsynelatande fråvær) 

Andakt av Kristine Oklevik
06.02.2025

Guds nærvær (og tilsynelatande fråvær) 

Matt 14, 22-33
Har du nokon gang prøvd å gå på vatnet? Med baderingar på føtene, eller berre springe fort nok oppå skumplater? Kvifor får vi ikkje til å gå på vatnet? (For vatnet er ikkje «tett» nok, så vatnet klare ikkje å halde eit menneske oppe). Naturlovene tilseie det. Men Jesus gjekk på vatnet, det veit dei aller fleste. Dei som har høyrt om Jesus, føler eg ofte veit om historia om da han gjekk på vatnet. Matt 14, 22-23

Jesus hadde sendt disiplane sine i førevegen, sagt at dei skulle ta båten over andre sida av vatnet. Havet den dagen var veldig uroleg, det var skikkeleg storm. Jesus visste at det kom til å bli storm. Er ikkje det rart? Kva for ein Gud er det som sender folk inn i stormen? Og Jesus var ikkje i båten heller da det blåste opp til storm! Kva trur du disiplane tenkte? Korleis trur du dei opplevde situasjonen der ute på havet? Bølgene drar og slite på båten. Det dunkar og smelle frå dei sterke kreftene til havet. Og kor er Jesus? 

Det står ikkje noko om kor lenge dei venta før dei såg eit lys, det var eit menneske som kom gåande mot dei på havet. Les matt 14, 24-27. 

Gud kan opplevast tilsynelatande fræværande, men han er alltid nær. Han er Gud, han er skaparen bak alt, så han er alltid nær. Kanskje dokke sjølv har sagt, eller andre seie «no er vi nær Gud», «eg er nær Gud i lovsongen», «eg opplevde at Gud møtte meg». Men det er ikkje du som tar initiativet til at du no skal du være med Gud, det er ikkje vi som setter dei rammene. Gud er alltid nær. Han har skapt alt, og kjenner alle ting. Ingen fugl døyr utan at Gud veit det. Vi hadde ikkje vore i livet, hadde det ikkje vore for at Gud gjev oss pust. Gud er alltid nær. Det er ikkje sånn at han står der på trona si og ser «ups, gløymte å følgje med på Kristine der nede, der datt ho skikkeleg». Nei Gud har deg så kjær. 

Men Gud blei på ein veldig konkret og synleg måte tilstades da han kom gåande på vatnet. Og det kan skje i liva våre også! Eg har opplevd at Gud har gjort broren min frisk frå ein alvorleg sjukdom, eg har sjølv opplevd ein særleg fred for eksempel i lovsongen eller etter ein god samtale med ein kristen venn. Eg har også høyrt om menneske som Gud på ein meir tydeleg måte har snakka til, og eg har lest om fleire som har møtt Gud i draumar. Kanskje du også har kjent på at Gud verkar meir nær nokon gongar, eller på nokre plassar?

Eg var leiar på to bibelcampar i sommar, og begge plassane snakka eg med ungdommar som «grua seg til å kome heim, for heime var det så annleis». Sjølv om Gud kan vise seg på ein spesiell måte gjennom godt fellesskap, forkynnelese, lovsong, eller at han på ein meir konkret måte gjev oss av sin fred, snakkar til oss eller du har sett Gud gjere store under i livet ditt som helbredelse– så er han ikkje mindre nær når du pussar tennene sine, sitter på skulen eller køyre ATV. Så skal vi ta med oss det gode vi fekk frå til dømes ein leir, som ein oppmuntring inn i kvardagen. Vi må ikkje bygge livet på slike opplevingar der ein erfarer Gud meir konkret, og dermed tenke at Gud ikkje er nær når vi ikkje har dei same følelsane lengre.

Disiplane fekk sjå eit stort under da Jesus går på vatnet, gjere sånn at Peter får gå på vatnet, og ikkje minst da han stiller heile stormen. Og det underet gjore at disiplane fekk sjå litt meir av kven Jesus var – han er faktisk Gud! Det står at dei seie «Han er sanneleg Guds son!». Fantastisk når vi menneske får sjå litt meir av kven skapar vår er gjennom ulike ting, og få ein litt sånn «wow-følelse». Og det er det viktigaste for Jesus, at du får kjenne han. Det er viktigare enn alle stormar, alle ting som kan opplevast litt ekkelt eller skummelt. Hadde disiplane på førehand hadde fått valet om å unngå den her stormen som disiplane, så hadde dei nok unngått det. Det hadde vertfall eg tenkt. Jesus visste at det kom til å bli storm, og Jesus bruke stormen til å vise dei litt meir av kven han er «du er sanneleg Guds son!». 

Matt 14, 28-33

Han vil at du skal kjenne han som har skapt deg, ønska deg og elska deg så høgt at han døde på korset for at du skal få ha fellesskap med Gud. Og det fellesskapet som vi har med Gud er på jorda, det held fram òg etter vi dør. Og i Guds rike, i himmelen, er det ikkje lengre nokon stormar. Joh opn 22,1  vatnet er klart som krystall. 

Merk at det framleis var uvær. Det kjentes nok framleis litt utrygt. 

Så er det fantastisk når vi får ei openbaring, altså at vi ser noko vi ikkje såg før, eller får sjå noko på nytt «Gud leve, han er verkeleg sann», «Gud har faktisk tilgjeve meg for den synda» «Gud ser meg verkeleg». Disiplane fekk ei sånn openbaring

Matt 14, 28-33
Kunne sagt mykje om Peter her, men det får bli ein anna gang. Så frampå i det eine augneblinken, og så usikker i det neste. Men Jesus var der alltid, klar til å redde. 

Men eg vil gå rett ned til siste verset: «Men dei som var i båten, tilbad han og sa: Du er sanneleg Guds son». Fantastisk når vi får sånne openbaringar, kanskje du også har hatt det. Eg var leiar på to bibelcampar i sommar, og begge plassane snakka eg med ungdommar som «grua seg til å kome heim, for heime var det så annleis». Sjølv om Gud kan vise seg på ein spesiell måte gjennom godt fellesskap, forkynnelese, lovsong – så er han ikkje mindre nær når du pussar tennene sine, sitter på skulen eller køyre ATV. Så skal vi ta med oss det gode vi fekk frå til dømes ein leir, som ein oppmuntring inn i kvardagen. Vi må ikkje bygge livet på slike opplevingar der ein erfarer Gud meir konkret, og dermed tenke at Gud ikkje er nær når vi ikkje har dei same følelsane lengre. Derfor ville eg ta tak i sånne uttrykke som «no går vi inn i Guds nærleik», eller «så møtte Gud meg». For det høyrast ut som om det er vi som tar initiativet, og at det å søke Gud krev at eg kjenner det sånn og sånn. Uttrykket «søke Guds nærhet» står faktisk ikkje nemnt i bibelen, men det står noko liknande: «søke Guds andlet». Det handlar om å få søke han og sjå meir av kven han er. Og alt han ønsker å fortelje oss om seg sjølv og om det, det har han allereie sagt. Og det er blitt skrive ned i Bibelen. 

Og det er det viktigaste for Jesus, at du får kjenne han. Det er viktigare enn alle stormar. Hadde disiplane på førehand hadde fått valet om å unngå den her stormen som disiplane, så hadde dei nok unngått det. Det hadde vertfall eg tenkt. Jesus visste at det kom til å bli storm, og Jesus bruke stormen til å vise dei litt meir av kven han er «du er sanneleg Guds son!». 

Han vil at du skal kjenne han som har skapt deg, ønska deg og elska deg så høgt at han døde på korset for at du skal få ha fellesskap med Gud. Og det fellesskapet som vi har med Gud er på jorda, det held fram òg etter vi dør. Og i Guds rike, i himmelen, er det ikkje lengre nokon stormar. Joh opn 22,1  vatnet er klart som krystall. 

Powered by Cornerstone