Lyset skin i mørket
Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunne det. Joh 1,5
Kva tenker dokke på når de høyrer ordet «lys»? Kva er et lyset symboliserer, kva er lyset ofte eit bilete på? Eit tent lys? Fred, ro, trøyst, håp
I eit vers litt lengre nede i same boka står det «det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda». Det er juleevangeliet, at Jesus kom, og Han er lys. Så han er den som kjem med fred, trøyst, ro, håp!
Jesus er i verda, og mørket har ikkje overvunne det. Lyset er sterkare enn mørket. Sei vi hadde fått det heilt mørkt her inne, for så å skrudd på lyset, så hadde heile rommet blitt opplyst. Du hadde ikkje fått ein mørk flekk oppi taket – lyset sluker mørket. Lyset sluker mørket.
Veit dokke kva definisjonen på mørket er? Mørket = fråvær av lys. Det finnast vonde ting i verda, men det vonde er ikkje Gud. Mørket er fråværet av Gud. Det vonde er at vi menneske velje å ikkje velje Gud.
Lyset er godt, men så kan lyset vere litt skummelt det også, for alt blir så synleg! Og med det så meiner eg at når eg kjem til Gud så føler eg meg liten, og det kan vere skremmande å vite at Gud veit alt om meg, alt eg har gjort og tenkt. Eg kan ikkje skjule noko for han som er lyset. Men så er det jo også veldig befriande, for til Jesus kan eg kome -og vise alt eg har gjort- og likevel vil han at eg skal kome igjen. Vere hjå han. Han syns såklart det er dumt at vi gjere vonde ting, for det at eg gjere nokon vondt (om eg gjere meg sjølv vondt eller nokon andre) så er det nokon som blir såra. Og det kan eg ikkje ta tilbake sjølv om eg er tilgjeve hjå Gud. Og det er du, tilgjeve, visst du kjem til han.
I livet kan det opplevast ganske mørkt. Altså at det er litt vanskeleg, mange ting som skjer som er vondt. Oppi alt som er vondt er Jesus lys. Og lyset handlar også som vi sa i stad, om trøyst og håp. Trøyst: At Gud er skapar av alt, sterkare og større enn alt og har alltid kontroll sjølv når vi ikkje føler det. Håp: vi har eit håp om at ein dag så skal Gud ta vekk alt som er mørkt. Alt det vonde. I himmelen er det berre lys. Men det er faktisk ikkje sola som skapar lyset, det er Gud sjølv. Vi trenger ikkje sol og stjerner til å lage lys, for Gud er jo lyset! Åp 21, 23