Å stole på
Å sitje på trygg grunn med tvilen
Stolen sitt namn er ikkje tilfeldig. Den heiter stol, for når du setter deg på den så stole du på at den held. Eg trur ikkje det var mange av dokke som nølte når dokke sette dokke ned på dei her stolane, men du har kanskje sett ein litt gammal stol, og satt deg ned litt forsiktig. Likevel så vel du å sitte på den, og da bruker du ikkje føtene eller hendene til å holde deg sjølv oppe, men du stole på at stolen held deg.
Tvile på at Jesus er sterk nok
Eg tenker av og til på at trua mi er som ein stol, som eg sitter på. Trua er og noko som berer meg. Men her eg sitter på stolen, kan eg tvile. Tvile er ikkje det motsette av å tru (vantru). Vantrua er å ikkje sette seg på stolen
Eg kan tvile på om eg er god nok, om trua mi er sterk nok. Men Jesus seie til oss at vi skal ikkje spørje om vi er sterk nok, men om Jesus er sterk nok – og det veit vi at han er! Jesus og det han har gjort for oss det er nok, på grunn av det får vi kome til himmelen. På grunn av det så holde det. Det blir som å sitte på stolen, stolen er Jesus og det han har gjort. Kanskje sitter du på stolen og er overtydd – veldig lite tvil (peike på ein som godt tilbakelent). Eller kanskje sitter du på stolen og tviler litt, syns det er litt vanskeleg. Vel både den som sit på stolen og er overtydd, og den personen som er usikker, sitter like mykje på stolen, og dermed stole eg framleis på at stolen held. At Guds ord er sant, at Jesus finst og at han er min skaper, redning og bror.
Thomas, tvilaren
Har dokke høyrt om Thomas? Han var ein av dei 12 disiplane som gjekk saman med Jesus. Da Jesus viste seg for disiplane sine første gangen, så var ikkje Thomas der. Sjølv om alle dei andre hadde sett Jesus og kunne fortelje at Jesus levde så tvilte Thomas. Han måtte sjå det sjølv, og ville til og med sjå og ta på såra som Jesus fekk frå å henge på krossen.
Jesus kom ein gang seinare, og da fekk han det – ta på såra. Og Thomas trudde. Thomas fekk eit nytt namn (vanleg), og det var «tvillingen». Thomas hadde både tru og tvil, dei to høyrer saman som tvillingar.
Tvile på Bibelen
Vi møter alle på tvil – og på veldig mange ting finnast det svar, så ver nysgjerrig, les i bibelen, spør oss eller nokon andre kristne.
Det er ikkje uvanleg å tvile på vår eigen tru. Heldigvis er det ikkje trua som frelser deg, det er Jesus og han aleine. Trua er at vi setter oss på stolen. Da er det ikkje vi som bære oss sjølv, men stolen bære oss. Det handle ikkje om personen som sit på stolen, men om stolen.