Temabasert bibelundervising for ungdom med fokus på samtale

Her er 8 ulike tema: bibellesing, bøn, Jesus Messias, Jesu død og oppstode, Kristi himmelfart og pinse, misjon, rettferdiggjøring og heilaggjering, etikk. Utarbeidet av Kristine Oklevik
06.02.2025

Temabasert bibelundervising for ungdom med fokus på samtale
Under vil du finne opplegg som har blitt brukt til å gå gjennom valte tema saman med ungdom (14-16år). Opplegget startar som regel med ei lita opning, før ein går inn i ein bibeltekst. Det er laga til nokon spørsmål til bibeltekstane som ein kan nytte seg av. Spørsmåla er utheva. Det som ikkje er utheva har eg skrive ned som hjelp til meg sjølv for å styre samtalen eller som innspel til kva ein snakke om/burde vere innom. 

8 ulike tema: 
...
Kvifor og korleis lese bibelen
...
Bøn
...
Jesus, Messias
...
Jesu død og oppstode
...
Kristi himmelfart og pinse
...
Misjon
...
Rettferdiggjering og heilaggjering (del 1 og del 2)
...
Etikk (del 1 og del 2)

Korleis lese bibelen? 

  • Å lese bibelen er eigentleg litt teknisk. For det som er skrive av folk, til eit folk, i ei tid. (Muslimar derimot trur at Koranen blei gjeve direkte frå Gud. Ikkje skrive av menneske)
  • Bibelen er inndelt i 66 ulike bøker, og ofte når vi les, les vi gjerne ei bok samanhengande, eller så kan vi gå inn å lese seie 1 salme som vi syns er fin, ei spesifikk forteljing – for eksempel du les om Jesu fødsel. Eit anna alternativ er å berre lese eit vers. Opne bibelen og lese eit vers som du har streka under, eller gå inn på bibelappen og lese «dagens vers». Vi bytte mellom alle dei her, men i vår lesing må vi ikkje gløyme at Bibelen er ei bok, med ein samanhengande forteljing – ein raud tråd. 

Kvifor les vi Bibelen?

  • Eg høyrte om nokon som spurte ei forsamling: «rekk opp handa alle dei som vil høyre Guds stemme», og alle rekte opp handa. Sjølvsagt vil vi at Gud skal snakke til oss. Da tok han her mannen opp bibelen og sa at da må dei lese i den her boka. Det her er Guds ord til oss! Vi kan bli veldig opphengt i at Gud må snakke til oss, gje oss svar, gje oss råd. Men Gud har sagt ALT det viktigaste som han vil seie til deg og meg, i den her boka. 
  • Bibelen er ei litt vanskeleg bok å lese, for språket er litt annleis, og tida den er skrive i er veldig annleis, så det kan vere vanskeleg å skjøne alle eksempel og ord. 
    Mange kan mykje om bibelen, og eg syns det er veldig godt å høyre andre snakke om bibeltekstar, fordi dei forstår så mykje meir enn meg. Og det er sant, ikkje alle skal studere bibelen i detalj, men det er noko med det å gå direkte til kjelda sjølv, og ikkje alltid høyre ting frå andre. For tekstane tolkast, og kan tolkast ulikt, kan tolkast feil. 
  • Bruke bibelen som ei rettleiing. I bibelen vil Gud vise kva som er det gode. Han som har skapt oss og veit det beste for oss. Sal 119 – eg ønske for meg sjølv å bli glad i Guds ord, Gud sine bod, fordi Gud sjølv er god, og ønske det beste for oss. 

Bibeltekst: Filemon

  • Kven skriv brevet?
  • Kven møter vi i denne forteljinga, og kva er relasjonen mellom dei?
  • Kvifor skriv Paulus dette brevet?
  • Kva kan vi lære av denne bibelteksten?

 

Bøn
Kva er bønn: Åp 3, 20

  • Å be er å lukke Jesus inn
  • Det er ikkje vi som setter Jesus i bevegelse, men Jesus som får oss til å be: Han står for døra og banker
  • Jesus vil gje oss noko, og det er klart for oss – det er ikkje bøna i seg sjølv 
  • Om den formast i ord betyr ikkje noko for Gud, kunn for oss
  • Kvifor ber vi:
    • Det er kraft i bøna
    • Moglegheita til å ha ein relasjon til den allmektige Gud, snakke med han. 

Bibeltekst: matt 6, 7-8 + matt 7, 7-11

  • Korleis ber man? Sukke (Jesus og den blinde), høgt med andre, høgt aleine, stille aleine, stille med andre. Tenne lys og tenke på noko/nokon, sende ein tanke/rop om hjelp i ein situasjon
  • Kva ber man om? (seg sjølv og andre, takke, ære, be om råd, fortelje korleis ein har det)
  • Kva er vanskeleg med bønn?
  • Svarer Gud alltid på bønna? Kvifor/Kvifor ikkje

 

Jesus, Messias
Høyr song: redningsmann

Sist snakka vi om den raude tråden i Bibelen. Kva rolle har Jesus? Redninga frå vår eigen urett. 
Det er i dei fire evangelium vi les om livet til Jesus, frå fødsel til død og oppstode, men som vi har snakka om så finner vi Jesus i alle bøkene i GT også. 

Vi skal starte med å lese eit par bibelvers frå eit av breva. Breva handlar om Jesus.

Fil 2, 6-11
Jesus var hos Gud - og er Gud, og blei menneske. 

  • Kva veit vi om Jesus? Ta ein eller fleire rundar der alle nemne ein ting. 
  • Kva forventningar hadde dei som levde før Jesus til Messias? Korleis tenkte dei at Jesus skulle vere?
  • Kva tenke folket som levde på Jesus sin tid, om han?
  • Kva tenker folk i dag om Jesus?
  • Jesus blei menneske og det kallar vi «inkarnasjon». Kva tenker du om inkarnasjonen? Kunne Gud gjort det på ein anna måte? 
    • Jesus er vårt offer (Hebr 9, 26)
    • Jesus er vår soning (1.Joh 4, 10)
    • Jesus er vår forsoning (2.kor 5, 18-19)
    • Jesus er vår forløysing (Hebr 2, 14-15)

KORLEIS VAR HAN
Kvinna ved brønnen. Sjå video frå Chosen, frå min 40:00 og vidare

  • Kva syns dokke om historia?
  • Kva fortel historia om korleis Jesus var? Ein som sette seg ned, der andre såg ned. Ikkje opptatt av berømmelse, ære, vere populær (dei fleste under skjedde utan at mange såg på. Trakk seg unna. 
    • For alle menneske. Jesus sin slektshistorie syne oss at det er plass til alle. Tre kvinner er nemnt, deriblant den prostituerte Rahab. Vi finner også mordarar (David), tvilarar (Abraham) og utledningar (Rut).

Siste: skriv på ein lapp kva Jesus betyr for deg. 

 

Død og oppstode
Jesus på krossen: Luk 23, 32-43

Kvifor måtte Jesus døy?
Gud straffer fordi han er rettferdig. Tar ikkje lett på urett (overser det ikkje, som lærarar kan gjere..). Gud ofra seg fordi han er god. Gud velje å vere god. 

Tar på seg skulda vår som ei kappe, og tok det med seg opp på korset. Matt 27, 28 og Jes 1,18. Ingenting gløymt. Måtte vere menneske fordi vi er menneske. Måtte vere Gud for å vere eit verdig offer. 

Tvang ikkje Sonen til å gi sitt livet. Det nye testament er heilt klar på at Jesus gjorde det av sin eigen frie vilje. Det var ikkje berre Faderen som elska oss. Sonen gjorde det og. 

Kvifor var det så mange som ville drepe han?
Mange ulike responser, og det var Jesus førebudd på: vi tar imot ordet ulikt: sennepsfrøet og såmannen. Jødane såg for seg ein heilt anna konge. Dei trudde ikkje at det var Jesus som var Messias, og klart då reagerer dei når han går rundt og fortel at han er det. Han som vandre rundt med fattige, han som ikkje har krone eller prakt. Dei kjente Gud, og Gud er mektig og stor. Det var Jesus og, men ikkje slik dei tenkte. Spottar Gud med det han påstår om seg sjølv. Dei meine han er en Vranglærer, villeder, spottar Gud. 

Jesus står opp igjen. Det er heilt avgjerande! 1 Kor 15,17. Kvifor?

  1. Fullføre frelsa, redningsplanen. Overvant djevelen først da han overvant døden.
  2. Legemets oppstandelse. Jesus stod opp og var annleis enn sånn som han var før, for han stod opp til livets oppstandelse, eit herlighetslegeme. Jesus reiser oss og opptil et evig liv. I det er det stor bekreftelse, noko som også er kjempeviktig. 
  3. Vi har fått eit nytt håp. At Jesus viste kroppen sin er vårt største håp om at det også skal skje med oss ein dag. 

Bekreftelsen ved himmelfarten: Dei såg at Jesus for opp til himmelen, til Gud. Vi leser om andre menneske som Jesus reiser opp frå dei døde, men dei døyr igjen. Jesus døde ikkje, han reiste heim reint fysisk og lever enn i dag. 

Joh 5,24: Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet.

Kvar er Jesus no? Hos Faderen og i deg. Der er og Gud, og DHA. Joh 14, 2

 

KRISTI HIMMELFART

  • Kva skjer etter at Jesus står opp frå dei døde? Viser seg for folk, snakkar med folk, gjev dei misjonsbefalinga
  • Så reiser Jesus heim igjen til Gud. Kor i Bibelen står det trur dokke? Nokon som finn det, og vil lese det?

Apg 1, 8-11

  • Denne dagen feirar vi. Kva kallast den?
  • Kva minnast vi om den her dagen? Meir enn at Jesus for opp til himmelen? Ein dag kjem Jesus hit ned. Ein dag er det slutt på denne verda, og vi skal heim

 

PINSEDAG
Kva feirar vi/minnast vi om i pinsa?

Vi feirar at Anden kom, og løftet si oppfylling og fullending. 

Pinsedag i GT: innhaustingsfest. Det jødiske folket var spreidd i fleire land, men reiste til Jerusalem for å feire høgtider. (Minnast openberringa av dei ti bod, gjennom ein innhaustingsfestival)
Pinsedag i NT: 3000 menneske tar imot evangeliet, altså Gud gjere ein stor innhausting. 

Apg. 2, 1-4

Folk blei så forvirra, og spurte «er det ikkje gallilearar heile gjengen? Kvifor høyrer vi dei tala på vårt morsmål? «Kva kan det vere?». Som kjent var det nokre som trudde dei hadde drukke seg full (midt på dagen)

Vidare står Peter fram og taler – og forklarer – kva som skjer. At det er ei oppfylling av alt som er blitt lova sida starten. Og referer til tekster i det gamle testamentet. 

Apg 2, 36-41

Pinse: dei kristne fekk DHA sånn at dei kan peike på Jesus, og dei ser HAN. Ikkje kraft utan at DHA (Gud) får verke. 

(Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med DHA om nokre få dagar. Døypast inn i forsamlinga/menigheten. Altså ta del i det vi får i Kristus. Trenger derfor ikkje å vere ein «eigen dåp»)

Kven er Den Heilage Ande? 
Jesus snakkar om DHA før han kjem og forklarer i Joh 16, 7-13

Talsmannen: taler Guds sak i oss. (også ein talsmann i himmelen, Jesus som taler vår sak). Peike på synd, og peiker på Jesus. Sanninga om Gud og sanninga om oss. 

Det er Anden som skaper tru i oss, og Jesus fortel oss korleis. Når DHA får peike på synda, at vi ser at vi også trenger Jesus. 

Kom så alle kunne få del.

DHA virke: 
Leda inn i situasjonar – og gjennom dei. Gje det ein trenger i ein situasjon. Derfor læresveinane måtte vente. 

På pinsedag: Rett etter at dei får DHA, gjev han dei språk. Eit språk som gjorde at mange menneske forstod (sjølv om dei var frå mange land). Gav også Peter ord, så 3000 menneske tok i mot Jesus. 

DHA verkar gjennom menneska i Apg – og i dag. Pinsen. DHA verka gjennom språkunderet her, og gjennom under som vi les om vidare. Ofte skjer det gjennom vanlege ord, så ein høyrer og tar imot bodskapet. 

DHA gjev oss gåver som gjere at vi kan gjere underlege ting. Nokon til å snakke slik andre forstår, til å vere gode leiarar, gåve til å lækje, til å hjelpe, spele musikk. 

Viktig: Alt til Guds ære og Dine gåver er ikkje for din egen del, men for fellesskapet

 

Misjon

Bibeltekst 2. kong 7, 1-9

  • Kva er misjon? Misjon er å fortelje vidare det vi har sett og høyrt.
  • Har du nokon gong sett noko, ete noko, opplevd noko som du har fortalt vidare fordi det var så bra?

(Når vi fyllast av hans ord, og ser kor viktig det er så vil vi ønske å fortelje det vidare. Kanskje ikkje automatisk lyst å fortelje absolutt alle det (ukjente folk eller dei vi ikkje trivast så godt ilag med), derfor trur eg Jesus poengterer det med misjon gjennom misjonsbefalinga og gjennom å løfte fram at Gud ønsker at alle skal få høyre å kome til han)

Misjonsbefaling 1 og 2: matt 28 og Apg 1

  • Er misjon viktig?
  • Korleis kan misjon sjå ut?
  • Kjenner dokke nokon som har reist ut som misjonær? Har dokke høyrt noko om korleis dei har opplevd det? Skummelt, einsamt, gledeleg, skuffelsar – alt det kan vi også oppleve. Misjonærane i Afrika gjere «det same som» det vi skal gjere her i Noreg. 

Korleis vitne? 

  • Vitne gjennom å fortelje om kva Jesus betyr for deg, og kva han betyr for alle
  • Vitne om ein god Gud gjennom å gjere godt mot andre. 
  • Vitne om ein Gud som elskar ubetinga, gjennom å gjere gjerningar utan å forvente noko tilbake. 
  • Vitne om ein tilgjevande Gud, gjennom å leve eit ærleg liv der ein ikkje legger skjul på at vi ikkje er perfekte. 
  • Vitne om ein god Gud som er med i tunge periodar. 
  • Vitne om ein helbredande Gud gjennom å fortelje andre om under og mirakel som ein har fått erfare. 
  • Vitne om ein stor Gud gjennom å bruke dei gåvene han gjev oss. 

Oppgåve: Vitnesbyrd

  • Veit de kva vitnesbyrd er for noko? Fortelje om ein eigenopplevd historie
  • Kan vere: 
    • Svaret på: Kvifor er du kristen?
    • Fortelje om eit bønnesvar
    • På ein eller anna måte opplevd at Gud er med på ein særleg måte
    • Finn eit argument for at Gud finnast/Bibelen er truverdig og fortelje kva dette betyr for deg

Vise Ungglobal sin instagram og nettside

 

Rettferdiggjering og heilaggjering
Opningsspørsmål til refleksjon

  • Kva er tru?
  • Er det trua som frelse oss?
  • Visst det er trua som frelse oss og ikkje det vi gjere, kvifor seie Jesus at vi skal leve annleis enn andre da?

DEL 1 – Rettferdiggjering
Bibeltekst: Jesus vaskar føtene til disiplane. 

  • Kva skjer i den her teksten?
  • Kvifor trur dokke Jesus vaskar føtene deira?
  • Kva seie den her handlinga om korleis Jesus er?
  • Kva meiner Jesus når han seie til Peter at han trenger å vaske føtene sine, men at det ikkje er nødvendig å vaske heile kroppen?

Gjort rettferdig, skjer spontant. Ikkje ein prosess som pågår. Så kan det jo skje at ein kristen sluttar å vere kristen, for så å kome tilbake til trua og da skjer det jo «på nytt». 

Det er altså ikkje: ein strek mellom kristen og ikkje kristen som vi hopper mellom kvar gang vi synder, og ber om tilgjeving. 

Vi trenger ikkje å spør Jesus kvar gang vi synde om vi tilgjeving for å kome på riktig side av streken. Jesus seie det tydeleg at Peter trenger ikkje å bade heile seg. Han er rein. Det blir meir sånn: 

Et bilde som inneholder Font, tekst, line, skjermbilde

Automatisk generert beskrivelse

I det punktet der er vi frelst (bada rein). Kva betyr det å vere frelst? Frelst frå synd til eit nytt liv. Kva er synd?«bomme på målet», for målet er eigentleg å leve i fellesskap med Gud. Det er meir enn berre gjerningar, å gjere dumme ting. Det er noko som har makt over oss. Egoismen. Det som er best for meg. Eigen lyst på bekostning av andre sin. Ønske om å vere Herre over eige liv. Synd er vanskeleg å snakke om, for vi bærer på våre ting som vi syns er utfordrande. Måten vi snakkar med andre, tenker på andre, lysten til hemn, det vi ser på.  

Jes 44, 22 - Som de tunge skyene oppløses av solens varme, som tåken som dekker alt, forsvinner i morgenlyset – slik vil Gud at hans kjærlighet skal trenge fram til oss.

Kva er det som frelser oss? Jesus, og ikkje trua. Ef 2, 8-9 For kva skjer med frelsesvissheten visst vi begynner å tvile, og det hadde vore trua som frelste oss? Spør ikkje kor sterk er trua, men kor sterk er Jesus. Korleis? På korset. For syndens lønn er døden. 

Kva skjedde eigentleg på korset? Vi fekk livet i gåve. Derfor kan vi seie: rein og rettferdig, himmelen verdig er eg verdens frelser alt no. Allereie no. Derfor trenger vi ikkje å vaske heile kroppen. Jesus tok straffa og vi har fått livet i gåve. 

 

DEL 2 – Heilaggjering
No skal vi sjå på ein bibeltekst som kan vere vanskeleg å lese. For det kan verke veldig motsett frå det vi høyrte i stad. 

Jakob 2, 14-17

Kva tenker dokke om dei her versa? Motseie det det vi las i stad?

Skrive til jødar. Jødar = ei slekt. På den her tida var det fleire som tenkte at dei såklart var truande, sidan dei var av denne slekta. Eg har også snakka med fleire som seie at dei er kristne, men ikkje trur på Gud, fordi ein tenker at norsk (eller døypt) = kristen. Dersom ein ikkje kan sjå at bodskapen ikkje har påverka livet, har ein da forstått bodskapen? (Her er det viktig å seie at som kristen kan ein vere på ulike stader i vår vandring, altså at dette er meir eller mindre tydeleg).

Kva er det vi trur på? Det gjere noko med oss, og korleis vi ser på oss sjølv, ser på verden. Det i seg sjølv vil påverke det vi gjere. Altså gjerningane. 

Ok, så som kristen så gjere det at vi trur at Gud elskar alle, har skapt alle i sitt bilete, ønsker at alle skal komme til han. Det gjere noko med korleis vi tenker, og kva vi gjere.  Men det er også kome noko veldig mykje større som verkar i oss. Når vi blir kristne, eller som kristen, har vi fått noko utruleg stort. Veit ikkje kor mykje dokke tenke på det, men Gud sjølv er i oss og verkar gjennom oss. Vi har Gud med oss. Heilt, heilt nær.

Derfor seie Jesus det i Joh 16, 7-8 + 13

Kva gjere den heilage ande? Peike på synd og peike på Jesus. (peiker ikkje på trua. Den peiker på sanninga om deg, og sanninga om Jesus 

DHA peike også på Guds vilje, altså lova. Boda. Lova: Kva er lova og kva betyr lova for oss i 2024? Lova sine tre bruk: samfunn, peike på synd og på Jesus, rettleiing i livet. Hugse alle, ikkje berre samfunn (gløyme verdien for seg sjølv) eller berre rettleiing (gløyme at Jesus frelser oss), eller berre at den får oss til å søke Jesus (for da gløymer vi at boda er gode og er til glede for Gud og menneske. 

Et bilde som inneholder Font, tekst, line, skjermbilde

Automatisk generert beskrivelse

Det nye livet, eller vandringa frå streken, inneheld altså ein del ting. Ikkje at det er ting som vi må hugse å putte inn i det nye livet, men som blir ein del av liva våre. Eg trur ikkje Jesus vil at vi skal fokusere så veldig på å «fikse kristenlivet». Altså at vandringa ser perfekt ut. Vårt første og viktigaste kall er å søke Gud. 

Siste viktig kommentar er at sjølv om alt «går av seg sjølv», altså at DHA lever i oss og peiker på synd, og på Jesus så kan vi velje å ikkje gjere det han seie. Altså at DHA peiker på det som hadde vore godt for oss å gjere, for eksempel å bli minna om å lese i bibelen, eller kjenne at det eg gjere no ikkje er bra. Så kan eg velje å fortsette med det likevel. Han er der, og viser veg, men vi må sjølv velje høyre. MEN igjen! Sjølv om det har skjedd at ein ikkje har høyrt etter, hopper du ikkje over på «ikkje-kristen-sida». Eller sånn som Peter som trudde han måtte vaske heile kroppen. Nei han måtte berre vaske føtene. 

Vaske føtene handlar om at vi allereie er reine, men at vi trenger Jesus kvar dag. Og det er det som er litt poenget i dag. Når vi «blir» kristne, eller du som er kristen har starta på ei vandring, der målet er himmelen. Og for å kome oss dit må gå saman med Jesus. La han få «vaske føtene». Og igjen så snakkar vi ikkje om ting vi skal gjere for å bli frelst, men å leve i det vi har fått. 

Kjem vi på nokon praktiske råd til det her nye livet da? For å ikkje miste retning?

  • Man blir påverka av dei man er rundt
  • Uansett kor du flytter/er i verden: finn deg ei forsamling, andre kristne og gå saman med. 
  • Den heilage Ande vil gjerne minne deg om ord frå Gud, altså bibelord. Men da må ein jo ha lest det ein gang.. Stor styrke å lese Bibelen, om det er eit kapittel eller at du alltid leser dagens bibelvers. 
  • Snakk med Gud. Han er heilt nær deg og veit korleis du har det. Vit at han alltid tilgjev synd. 

Tenk på nytt over spørsmåla: 

  • Kva er tru?
  • Er det trua som frelse oss?
  • Visst det er Jesus som frelse oss og ikkje det vi gjere, kvifor seie Jesus at vi skal leve annleis enn andre da?

 

Etikk – Leve i verda med ikkje av verda
Bibeltekst: Jordmødrene i Egypt 2.mos 1, 15-22

  • Kva skjer, og kva tenker dokke om bibelteksten?
  • Har du sjølv opplevd å velje annleis, fordi du vel Gud framfor menneske?
    • Eller kjem du på andre bibeltekstar der menneske vel Gud framfor menneske? (Noah, vennane til Daniel)
  • Kvifor skal vi følgje det Gud seie?
  • Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å følgje Gud og det han seie?
  • Paulus sitt perspektiv: Fil 3, 7-8

Redda ikkje berre mange liv, men redda også han som seinare skulle redde dei  Moses

 

DEL 2
Bibeltekst: Galatarbrevet

Gal 3, 11-12  Kvifor fri? Menneske klare det ikkje gjennom lova, derfor sendte Gud Jesus 

Gal 2, 16  Jesus som frelsar, ikkje lovgjerningane

Gal 5,1  Lat ingen tvinge dokke inn igjen i slaveåket, alle har ein herre

Gal 2, 3f  Truslar mot fridommen

Gal 5, 13  Kalla til fridom, men ikkje lar det bli eit påskot til å gjere det kjøtet vil (1.kor 10,23)

Gal 5, 19  Det kjøtet vil

  • Var det noko du la spesielt merke til med nokon av tekstane? Noko du visste frå før, eller skjønte no?
  • Noko spørsmål undervegs?
  • Kvifor følgje Gud? Kvifor gjere det gode? Ef kap. 4 vers 25, 29, 32
    • V.25 Søskenkjærleik-perspektivet: vi for kvarandre, 
    • V.29 Til velsigning: misjonsperspektivet at andre kjem nærmare Gud, 
    • V. 32 Gud sin agapekjærleik ufortent
    • Paulus sitt perspektiv: Fil 3, 7-8
  • Menneskebod: Kol 2, 20

Rom 12, 2. Samvit som heile vegen må stillast om etter kva Gud seier om synda

Powered by Cornerstone